Kasper liker jordbær!


Når Kasper får jordbær, er han heilt i hundre. Eit bilde seier meir enn tusen ord, så det er berre å klikke for å sjå det stort ;-)

Syproduksjon denne helga

Eg har fått litt syånda over meg igjen, så no i helga har eg fått sydd litt. Har sydd litt tidleg om morgonen, litt ute i fineveret, og litt om kvelden.

T-skjorte og shorts til Kasper. Dette blir nok ein del av feriegarderoba når vi skal ut og reise. Alt stoff er frå stoff og stil, stretch jersey og ribb. Mønsteret har eg laga ved hjelp av ein genser eg såg etter, og ved å endre på eit buksemønster eg hadde frå før.

Aplikasjonen er meint å skulle vere eit "splæsj" der vassdråpane liksom sprutar ;-)
Sommarleg ;-)

T-skjorta har motsette fargar, men same "splæsjet". Har ikkje prøvd det på enno, sidan Kasper sov då det vart ferdig, så det blir spennande å sjå i morgon!

Laurdagsmorgon vart desse to skjørta til. Ikkje så lett å sjå fasongen på dei når dei ligg på golvet, men hadde ikkje bilde med skjørta på. Stretch chenille med ribb i livet.

Båttur i fineveret

I dag skulle Emma og Synne i selskap, så då måtte vi som vart att heime finne på noko anna kjekt. Då vart Emilie med oss og morfarfar på sjøen. Vi prøvde fiskelykka, men einaste vi fekk var ein liten småsei. Den kasta vi ut igjen sidan det vart med den eine. Vi var utpå i ca ein halv time før vi måtte inn igjen for å hente selskapsungane våre :-)

Thea syntes det var kjekt å kome seg på sjøen, men litt dumt at det ikkje vart fisk til middag...

Thea har forresten blitt skikkelig storejente. Ho har i heile vår sagt at ho skal slutte med bleie når det blir sommar. På fredag var siste barnehagedag før ferien (sett vekk frå nokre dagar då dei skal vere der no til veka), så då ho var ferdig der etter sommarfesten, så slutta ho med bleie. Det har gått veldig bra til no, og det er vi glade for! Godt å ha berre ein bleieunge i huset!

Mamma og Kasper kosa seg på sjøen. Kasper syntes det var litt travelt med den store og tjukke redningsvesten. Rart det ikkje skal gå an å lage litt meir barnevennlege redningsvestar? Denne sorten går i alle fall ikkje an å bevege seg i for ein liten kropp.

Dårlig med fisk her...

Fin og stor gut på sin aller første båt- og fisketur (sett vekk i frå ein snartur fram og tilbake på Grisholmen i fjor)!

Emilie var den flinkaste fiskaren i dag, då ho fekk den einaste fisken for dagen.

Blir nok ikkje siste båtturen for desse to karane!

Størstejenta!

Farfar og Thea prøvde og fiskelykka.

Bading i dag óg!

Tredje dagen på rad vi er så heldige at vi kan vere på badestranda! I dag køyrde vi til Ulla og var på eine stranda der ute. Det er ei fin laaaanggrunn strand som er ypperleg for ungar. Vi fann krabber, flyndrer, glassmanet og til og med ei reke(!) som vi kunne studere, og elles kosa vi oss i vatnet og på land.


Sidan det var fridag i dag, så kunne pappa Kenneth og vere med på stranda. Det var kjekt! Så i dag fekk vi bade alle saman.

Medan vi var der kom farfar ein tur og. Han var ikkje verre på det enn at han gjekk rett uti vatnet. Svømte laaangt ut og leika med ungane. Gjett om dei synest det var stas å bade med farfar!? Her er han i full fart på veg ut i vatnet!

Thea vil ha med farfar ut for å leite etter krabber. Farfar var ikkje tung å be!

Kasper nyt fineveret i soldrakta si. Han liker seg godt i vasskanten der han kan plaske litt i vatnet og leike med sanden. Har eigentleg ikkje tid til å sove ein gong!

Litt mat må vi ta oss tid til. Her har jentene ete opp rundstykka sine, og no er det kjeks og potetgull som står på menyen. Vi nyt fineveret!

Teater på Ulla skulehus

Etter turen på badestranda var det tid for teaterframsyning på Ulla skulehus. Ei teatergruppe frå Trondheim hadde tatt turen hit for å vise forestillinga si, PINDIA, for oss. Det var veldig kjekt!

Thea starta optimistisk aleine på ein benk, men det tok ikkje mange minutta før ho kom og ville sitje på fanget. Var litt spennande, sidan det var både slangar og tigrar med i historia.

Her ser vi fulgeungen og fuglemammaen som har reist med tog frå Ulla skulehus til India.

Kasper sat inne ei lita stund, og her på bildet et han kake og kosar seg verre.

Det var noko som vart litt skummelt for Kasper, så då var vi heldige at farmor og farfar sat utanfor. Farmor kom inn og tok med seg Kasper ut slik at vi andre fekk sjå ferdig! :-)

Tre venninner som likte seg godt på teater.
Etter teateret var det salg av kaker og drikke, og allsang med trekkspel og klarinettmusikk utanfor skulehuset. Vi fekk endå meir sommarstemining enn vi allereie hadde! :-)

Sommerkjole


No har eg sydd min aller første voksenkjole! Eg sydde den ferdig i kveld før eg og jentene skulle på Rogne på jonsok-teater. Den er sydd av eit KID-laken, etter ei oppskrift eg fann på sykroken. Ei dame som kallar seg Ullalein har lagt ut steg-for-steg-oppskrift, og det har gitt kjolen namnet Ulla-kjole. Passande ;-)
Den var ikkje vanskeleg å sy, så det kan hende det blir ein til i andre fargar etterkvart. God å ha på var den og, sidan eg sydde den etter mine eigne mål ;-)

Karneval og sommarfest i barnehagen

I dag var det karneval og sommaravslutning i barnehagen vår. Emma og Thea stilte som Pippi begge to. Dei hadde fått kvar sin Pippi-parykk, og så brukte dei Pippi-kjolane sine. Eg sydde shortsar til dei som dei kunne ha under kjolane, for det var for varmt med strømpebukse.


Her er bilde av Thea og nokre av vennane hennar, og Emma og nokre av vennane. Malin var og Pippi (ho var der som storesøster på besøk), og her viser Malin og Emma kor sterke dei er!


Emilie var og storesøster på besøk, og ho hadde kledd seg ut som sjørøver. Thea viser at ho er kjempesterk som klarer å trille Kasper i vogna.
Det var ein kjempekjekk fest i barnehagen, men det var veldig varmt (26 grader i skyggen). Så etterpå køyrde vi til Sjurla-stranda og bada igjen. Litt varmare vatn enn i går, trur eg ;-)
No tar jentene (nesten) ferie frå barnehagen, og til hausten har vi 3 ungar der!

Årets første...


...jordbær!! I dag såg vi raudt i jordbæråkeren! Der var opptil fleire halvraude bær, og ei heilt raud.

Den delte vi søsterleg i to, slik at Emma og Thea fekk kvar si halve. Gjett om det smakte?!

No er sommaren her!

På badestranda


I dag tok vi turen på Ulla og på ei av strendene der. Vi var der saman med Siv, Emilie, Synne, Hedda og Malin, og hadde det kjempefint! Ungane sprang uti vatnet før vi rakk å snu oss rundt. Kasper sprang og rett uti! Vi får nok å henge fingrane i i sommer! Han kosa seg i alle fall i vatnet, og eg merka nesten ikkje at han var der så lenge han fekk sete i vasskanten og leike seg.

Vi hadde pakka med oss mykje mat og kald drikke, men etter ein times tid var ungane klare for å fare heim. Eg og Siv ville gjerne vere litt lenger, så då fekk vi lokka ungane til å bade litt meir ;-) Eg og bada! I fjor sommar fekk ikkje eg bade pga amming, så i år skal eg bade MYKJE! Var litt kaldt til å begynne med, men ikkje verre enn at det gjekk godt an å vere uti ei stund og leike med ungane.

Jonsokfeiring

I år fann vi ut at vi ville feire jonsok i Råvika. Vi tok med eit traktorhengarlass med rusk og rask, og køyrde utover. Familien Otterlei fylte og eit hengarlass med rusk, så vi fekk laga eit stort bål. Hege og ungane kom utover, og det gjorde farmor og farfar og. Vi hadde det kjempekjekt. Og ungane leika og leita etter krabber og fløskjel heile kvelden. Vi kom utover i sju-tida, og før vi visste ordet av det så var klokka halv ti. Litt bilder frå kvelden under...


Vi hadde med oss pølser, karbonader, potetgull, sjokolade, brus, kjeks og anna snacks. Men ungane hadde nesten ikkje tid til å ete, for dei var så opptatt av å krype rundt i fjøresteinane på jakt etter krabber. Dei tre minste var mest opptatt av å sjekke ut underlaget. Dei både testa smaken, korleis det var å ha sand i auga og korleis dei kunne få mest mogleg sand i kleda sine...


Då vi kom heim var det heilt nødvendig å bade og vaske håret, slik at ungane fekk skylt vekk litt strandsand. Kasper hadde gløymt att hua si, så han måtte låne hue med Hedda... Gjekk greit for han, men det var litt vanskeleg å svelge for mor-Solveig at han hadde rosa hue!

Vi hadde ei flott jonsokfeiring, så dette vil vi gjere neste år og!